lørdag 26. november 2011


Helgas kaker...

Til tross for fri helg, har eg eigentleg hatt nok å henge fingrane i. Mannen jobbar i by`n ein liten periode no, so eg og gulla er heime aleine. Samtidig som eg har baka og pynta kaker, har eg også forsøkt å aktivisere gulla. Og utruleg nok har dei vore meget eksemplarsike! Til og med på BUTIKKEN!! ( so eksemplariske at det vart kommentert når vi betalte i kassa :P )

Her kjem berre eit bilderas av dåpskakene eg har laga denne helga;

Sjokoladekake fylt med bringebærmousse, dekt med sjokoladesmørkrem, trekk og pynt i sukkerpasta.




Sjokoladekake med to lag sjokoladesmørkrem, trekk og pynt i kvit marsipan.




No skal eg hive meg rundt å ta "helgavasken" som eg ikkje har fått tatt denne helga, og finne fram julegardiner, adventstaker og stjerner. Det skal jammen bli KOOS!

Ha ein fortreffelig laurdagskveld!
Klem

LEKKERT!!


Eg har vore veldig lite aktiv med pc`en min for tida,
men etter ein heil dag med kakepynting og rydding på kjøkkenet, har eg no fått gulla mine i seng,
og har rett og slett sett meg ned med ein kaffi kopp, eit lite øyeblikk.

Bildet nederst til høgre vart tatt i går, når eg bakte kakebotnar. Og frøken snupp skulle hjelpe til.
Eg måtte nesten vise dåkke dei nye forkleda vi har fått i hus.
Mamma kjøpte dette lekkre forkle til meg på Åhlèns. Og før eg hadde sett korleis det såg ut (eg hadde fått beskrivelse av det), var eg sjølv innom Åhlèns og fekk auge på dette forkle i barnestørrele!
Då eg såg det tenkte berre at det MÅTTE vere eit slikt forkle mamma hadde kjøpt, hihi, og det stemt, sjølvsagt ;) I tillegg fekk eg også muffinsformer i same mønster; I LIKE IT!!!

Kva synest de? LEKKERT??!?