lørdag 7. august 2010







Endelig helg..






Endelig er det fredags kveld (les NATT!), og min kjære har endelig begynt på ferie!



Eg og kidsa har no hatt 3 veker ferie, men no når min kjære har 1 veke ferie saman med oss, blir det heldigvis ein aldri so liten bytur på oss imorgon. Då blir vi vekke nokre dagar, og reiser på besøk på akvariet og fløyen (og med gode sjanser for dårleg veir blir det også ein visitt innom Vannkanten). Ja vi snakkar altså om BergenBY! Det gler største gullet seg veldig til, og satser på turen blir vellykka.






Når min kjære har begynt på ferie idag, måtte vi (les EG) jo sjølvsagt feire med litt KAKEBAKING!!! Slo virkelig på stortromma då eg komponerte litt sjølv.



OG reknar med alle kakeglade bakara har fått med seg DOTS bakekonkurranse?!?



VEL, det har iallefall eg, og bidraget mitt er innsendt i denne augneblink.
Men dessverre er det ikkje alt som strekker til når man finner på å begynne å pynte kake kl 23.30 ein fredagskveld og man skal reise på ferie neste morgon. Så koppen fekk dessverre ikkje tørke, som de sikkert ser på bilde...
Og eg får nok eit aldri so lite problem imorgontidleg når eg åpna kjøleskapsdøra og ser eg har ei nesten heil kake som står der, kven skal ete den?!?
Oppskrift skal eg dele med dykk seinare, men no er det nok senge tid for min del..
Ha ei riktig GOD HELG!! ;)