mandag 16. juli 2012

Rørt Jordbærsylte


Heimelaga jordbærsylte...
av Norske Jordbær er noko som høyrer sommaren til,
eigentleg bruka eg kjøpe jordbær frå heimstaden min Gloppen, men dette vart ikkje gjort no, men eg får sjå litt seinare om det kanskje blir meir jordbærsylte.
Syltetøyet vart iallefall godt uansett om det var gloppen bær eller ikkje...

OGSÅ fekk syltetøyet på frokostbordet i går når det var søndag, i ei av dei nye skålene mine som eg kjøpte på IKEA tildlegare den veka.



Her har eg begynt på mi første ferie veke, men mannen er på jobb og små gulla er i barnehagen denne veka også, så eg skal berre gå heime å kose meg og prøve å gjere noko av dei 1000 tinga eg leeeeeenge har tenkt skulle vore gjort... Hihi ;)


Ha ei finfin veke!
Ps. Tusen takk til dei nye følgarane, kjekt de vil følge bloggen min ;))


søndag 15. juli 2012

Vinnaren er....

Vinner av Giveaway...




For å trekke ein vinnar av giveaway har eg brukt http://www.random.org/
det var 9 personar som melde seg på til giveaway, og nr.5 vart Vinnar,
altså;
.....
....
...
..
.
Monica Dahl!

Gratulerer!

Om du sender meg ein e-post ; mkandal@hotmail.com
med adressa di, so skal eg få sendt avgårde gaven til deg!

Og tusen takk til dei som ville delta!!


søndag 1. juli 2012

Roser, perler og diamantmøster


Bryllupskake til ei venninde..

Mi venninde fra ungdomskulen sa
JA til sin kjære Richard igår. GRATULERE med den STORE DAGEN til dykk begge, håpar de fekk ein fantastisk flott og minnerik dag!

Det er sikkert eir år sidan eg fekk spørsmål om å lage bryllupskaka til dette bryllupet, og tok sjølvsagt på meg det oppdraget. Så kaka har lenge vore i tankane og vi har diskutert masse både utsjånad og smak.
Utsjånad skulle vere med roser i ein rosafarge som hella litt mot lilla, diamantmønster og perler.

SÅ her kjem eit bilderas av kakene, 3 egt kake, men eg har dessverre ikkje bilde av kakene når dei er komt i stativet...

Øverste kake; Sjokoladekake med sjokoladekrem



Midterste kake; sjokoladekake med sjokolademousse

Nederstkake; sjokoladekake fylt med appelsinmousse