lørdag 20. april 2013

Karameliserte kyllingklubber med risotto

Er veldig gira på å prøve ut nye retter for tida,
og ikkje minst lage noko anna enn pizza, taco, lasagne o.l på ein lørdagskveld.
 
Vi syntes dette var kjempe godt, og difor vil eg dele denne oppskrifta med dåkke.
 
 
 
Til 2 voksne og 2 barn brukte vi:
 
ca. 1 kg kyllingklubber
1 løk
2 fedd hvitløk
1 neve rosiner
1 neve cashewnøtter (usalta)
1 neve peanøtter (usalta)
1 pære, oppkutta i småbiter
1/2 purreløk
ca.2 ss finhakka frisk basilikum
ca. 2 ss finhakka frisk grasløk
ca. 1 ss finhakka koreander
1 ss olivenolje
3 ss honning
3 ss soyasaus
sesamfrø
kyllingkrydder (eg brukte santa Maria sin chichen and steak)
300 g risottoris
1 ss kyllingfond
1 1/2 l vatn
1 kanelstang
 
Kok opp vatn.
 
Finhakk løk og hvitløk og fres i olivenolje i en kjele til løken er blank. Ha i risen og fres ilag med løken. Tilsett 4 dl av det kokandes vannet. Ha i kanelstang og kyllingfond. Rør i risen heile tida, når vannet har absorbert tilsetter du meir av vannet. Fortsett slik til du har brukt opp vannet.
Tilsett deretter nøtter, purreløk, rosiner, pære og urtene.

Forkok kyllingklubbene i ca.5-10 min alt etter kor store dei er. Avkjøl i kaldt vatn.

Kok inn honning og soyasaus til ein lett karamell.

Krydre kyllingklubbene og steik dei i steikepanna til dei er gyllenbrune.

Dekk kyllingklubbene med karamellen og sesamfrø.

Server med risottoen.

1 kommentar:

  1. Dette hørtes godt ut :)
    Kjekt å prøve noko nytt.
    Her hadde vi kyllingsuppe til kvelds:o)

    SvarSlett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica