torsdag 18. mars 2010

Sukkerpasta:

ca. 170 g lys sirup
4 ss vatn
2 ss Flott matfett
1 ss gelantinpulver (løysast i vatn)
ca. 1 kg melis

smak og farge


Tøm vatn i ein liten bolle og varm i mikrobølgeovn. Rør inn gelantinpulver til det er heilt oppløyst.
Hell blandinga i ein bolle. Bland inn matfett og sirup i den varme massen. Bland ein del av melisen inn. Hell massen ut på benken og kna inn resten av melisen. Det er ikkje sikkert du treng bruke all melisen, du må sjekke konsistensen. Den skal vere omlag som marsipan. Du kan tilsette forskjellige smaker i sukkerpastaen, vanilje eller mandelessens er det vanlegaste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica