lørdag 18. februar 2012


Årets fyrste dåpskake...
blei til idag. Veldig kjekt å få pynte litt kaker igjen..
Ho som skulle ha kaka, såg gjennom bilder av dei andre dåpskakene eg har laga, og bestemte seg for diamantmønster, babyseng, sommerfugla og eit navneband..
Og slik vart resultatet:



Sukkerbunn dynket med saft fra jordbær, vaniljekrem med krem og friske jordbær.



TIL LYKKE MED DÅPSDAGEN IMORGON!



Hipp Hurra...


Min kjære nabo fyller 60 år! Og i den anledning har eg laga ei marsipankake som ho fekk i bursdagsgave fra meg...
Sukkerbrød fylt med bringærsyltetøy, vaniljekrem og bringebær.
Trekt med marsipan. Pynt av sukkerpasta.

So GRATULERE SO MYKJE MED 60 ÅRS DAGEN, LAILA!
Håpar du får ein fin bursdag, og ei super feiring.

torsdag 16. februar 2012

Strawberry- kiwi cupcake

Strawberry-kiwi Cupcake

I helga som var, lagde eg cupcakes til den store gullmedalje.
Det var barnehagebasar, og då lyt alle foreldre stille til dugnad. Eg var sjølvsagt stor fornøgd med å stå på bakelista!! Og over 50 cupcakes vart til..


og sjølvasgt klarte eg ikkje late vere å pynte dei litt..


Strawberry-kiwi Cupcake:

4 egg
4 dl sukker
100 g smelta smør
2 dl melk
6 dl hvetemel
3 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
2 dråpa strawberrey-kiwi smaks essense


Pisk egg og sukker til luftig eggedosis. Slå i smelta smør. Bland saman dei tørre ingrediensane og sikt i eggedosisen, vekselsvis med melk. Til slutt tilsette du smaks essensen.
 Steikes på 170 grader i ca 10. min.

Smørkrem:

100 g smør
300 g siktet melis
1 ts vaniljesukker
2-3 dråper strawberry-kiwi essense
3 ss eplejuice

Pisk smør og melis til ein luftig og fin krem. Tilsett vaniljesukker, smaks essense og eplejuice til kremen blir lett og luftig.

lørdag 4. februar 2012

Hestekake

HESTE kake...

Ei venninde av meg som bestilte kake til dotra sin 10 års dag.
Eg fekk ei teikning av to hestar som skulle vere på, og dei eine skulle vere ein fjording, og den andre mørkebrun på fargen. Ellers fekk eg frie tøylar til resten av pynten.
Ynskjet var marsipankake, og fyllet fekk eg velge sjølv, og då vart det sjølvsagt Bringebær og vaniljekrem med krem.



Jubilanten sjølv veit ikkje om at ho skal få hestekake, då det skal vere ein overraskelse.
So då håpar eg kaka fell i smak hos jubilanten ;)
Og Gratulerer Nora med 10 årsdagen! Håpar ho får ei flott bursdagsfeiring.

Gulrotkake med kokos

Bursdagskake...
Denne kaka lagde eg forrige helg, då ei venninde feira 30 årsdagen sin..
(Kanina og gulrøtene på kaka var internhumor)


Gulrotkake med kokos;

500 g rå, raspa gulrot
3 egg
300 g sukker
2 dl matolje
2 ts vaniljesukker
1 ts kanel
1 ts natron
1 1/2 dl kefir
300 g hvetemel
100 g kokos
100 g hakka mandler

Pisk sammen egg, sukker og matolje. Pisk inn vaniljesukker,kanel, natron og hvetemel.
Vend inn revet gulrot, kokos og hakka mandler.

Smør ei lita rund kakeform, og ha rør i forma. Steikes ved 175 grader i ca. 40 min.
La kaka kvile i 10 min, før du tek ut av forma. Avkjøl.

Glasur:

200 g philadelphia ost
100 g smør
ca. 400 g melis
2 ts vaniljesukker

Rør saman romteperet smør, kremosten, vaniljesukker og melis til ein glatt krem.
Bre ostekremen utover kaka.

søndag 1. januar 2012



GODT NYTT ÅR!!


Feiringa igår gjekk stille og roleg for seg.
Eg, mannen og GULLA var for første gong heime hos oss sjølve på NYTTÅRSAFTA.
Vi stor kosa oss, både STORE og små.
Og utruleg nok (uten middagslur!!) klarte gulla å halde seg våkne heilt til klokka var der, stor spenning å få sjå på alle rakettane.

Forsøk på å få tatt bilde av rekettane (vart i full fart, sia det var regn i lufta)
Nyttårsbukkane mine! Må få sagt kor flink Bastengullet var å synge (og det HEILT ALEINE!!)
Frøken snupp vart nok litt for sjenert ;)

For å få kvelden til å gå, koste vi oss først med brettspel, og avslutta med KNUSING av pepperkakekirka.
Basten fekk den store æra av å knuse.



Ynskjer ALLE eit GODT NYTT ÅR! og takker for det gamle!

onsdag 28. desember 2011


JULESTEMNING

Sjølv om det er lite som tyder til julestemning ute, etter at "Dagmar" har herja, har vi framleis julesteminga i hus.

I år har vi feira jul heime hos oss sjølve, kjempe kos!
Men det vart noko kort juleferie, og pga at både eg og mannen måtte jobbe, har vi no lånt vekk GULLA våre til besteforeldra eit par dagar. Men fra i morgon har eg fri heilt fram til NYTTÅRS AFTAN! Dermed skal eg hive meg i bilen og hente gulla mine. Skal sei eg GLER meg til å sjå dei igjen!!

I heile desember har eg ikkje vore noko flink i blogglandia. Eg har heller ikkje BAKA julekaker!
(Bortsett fra pepperkaker og kakemenn, som eigentleg var gulla som baka ).
Men skal seiast at julebaksten kom i boks likevel, snille Besta mi som sendte med melkekaker og smultringar, og svigermor som kom med lefser!



Ny juletrepynt! Glasshjerter fra Perfect Home.

Gulla <3

Juleforkledet til frøken Snupp, måtte sjølvsagt få ein plass på kjøkkenet.
Forkle og kokkelue fra Åhlèns.

Ettersom det låg ein ny PC til meg under juletreet, som ikkje brukar ein halv dag på å logge seg på, er der kanskje eit lite håp for at eg kjem sterkare tilbake med fleire innlegg til NESTE ÅR??!?

Ynskjer alle ei fortsatt GOD JUL <3 <3

fredag 2. desember 2011

Salmalaks på 5 minutter

Lettvint Salmalaks på 5 minutt!

Dagen idag vart noko "rotete", då eg BRÅ vakna kl. 08.30 (og eg skulle vere på jobb kl.09.00, og har 20 min å kjøre til jobb). So alt skjedde i hastverk idag tidleg, reiv gulla opp i senga, på med kleda og rett i barnehagen ( TAKK og lov for at dei får frokost i barnehagen!! ) Og ringde sjølvsagt å sa ifra at eg kom for seint. Ettersom eg kom ein halv time for seint, tok eg igjen den halvtimen etter eg skulle ha vore ferdig på jobb, dermed følte eg eit sterkt behov for ein hurtig og enkel middag.

Då eg jobbar i ein daglegvarebutikk, og Tine kjøre smaksprøve på Salmalaksen, vart valget meget enkelt;

Du treng:

1 filet av salmalaks (eg reknar 200 g pr.pers)
Sitronpepper
1 boks creme fraìche
2 ss soya saus

Krydre fileten med sitronpepper, og gjennomsteik laksen.

Tilsett 1 beger creme fraìce, og 2 ss soyasaus.
Gi et raskt oppkok.
OG voila!! KLART til SERVERING!!