onsdag 28. desember 2011


JULESTEMNING

Sjølv om det er lite som tyder til julestemning ute, etter at "Dagmar" har herja, har vi framleis julesteminga i hus.

I år har vi feira jul heime hos oss sjølve, kjempe kos!
Men det vart noko kort juleferie, og pga at både eg og mannen måtte jobbe, har vi no lånt vekk GULLA våre til besteforeldra eit par dagar. Men fra i morgon har eg fri heilt fram til NYTTÅRS AFTAN! Dermed skal eg hive meg i bilen og hente gulla mine. Skal sei eg GLER meg til å sjå dei igjen!!

I heile desember har eg ikkje vore noko flink i blogglandia. Eg har heller ikkje BAKA julekaker!
(Bortsett fra pepperkaker og kakemenn, som eigentleg var gulla som baka ).
Men skal seiast at julebaksten kom i boks likevel, snille Besta mi som sendte med melkekaker og smultringar, og svigermor som kom med lefser!



Ny juletrepynt! Glasshjerter fra Perfect Home.

Gulla <3

Juleforkledet til frøken Snupp, måtte sjølvsagt få ein plass på kjøkkenet.
Forkle og kokkelue fra Åhlèns.

Ettersom det låg ein ny PC til meg under juletreet, som ikkje brukar ein halv dag på å logge seg på, er der kanskje eit lite håp for at eg kjem sterkare tilbake med fleire innlegg til NESTE ÅR??!?

Ynskjer alle ei fortsatt GOD JUL <3 <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica