lørdag 18. februar 2012

Pasjonsfrukt og bringebær Marsipankake

Marsipankake med pasjonsfrukt og bringebær

Då er 3 av 3 kaker denne helga ferdige. Og 2 av kakene står å ventar i kjøleskapet på å bli henta imorgon. Ho som skulle ha denne kaka, ville ha ei kake med ikkje so alt for mykje dill og fargar. Også eit kakefyll litt utenom det vanlege, der eg ellers fekk frie tøylar. Og håpar spent på at valget av kakefyll vil falle i smak, då eg har laga ein pasjonsfruktkrem, og brukt bringebær.




Oppskrift på sukkerbrød finn du HER.

Sukkerbunnen har eg del i 3 lag, og første lag er bringebærsyltetøy (eg brukar nora sin hjemmelaget, som ein finn i frysedisken), vaniljekrem og friske bringebær.
Andre laget er bringebærsyltetøy, pasjonsfruktkrem og friskebringebær.

Pasjonsfruktkrem:

8 Pasjonsfrukt
2 dl sukker
200 g smør
4 egg

Del pasjonsfrukta i 2 og skrap ut kjøttet. Press fruktkjøttet gjennom ei finmaska sil. Mål opp ca. 1 dl saft. Bland med smør og sukker i ein liten kjele på svar varme til smøret er smelta. Ha i resten av fruktkjøttet, og mos med ein stavmikser, sil ein gang til. Tilsett egga, og lat syde på svak varme til det tykner. Avkjøl.




2 kommentarer:

  1. Nydelig kake og det fyllet hørtes deilig ut..;)

    SvarSlett
  2. Tusen takk ;) Ja, eg håpar fyllet vil slå an ;)

    SvarSlett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica