søndag 30. januar 2011

Brownies muffins med JORDBÆR!!


Eg elsker rett og slett SØNDAGER, der en berre kan kose seg og gjere akkurat det ein vil!
Og søndager liker eg meg meget godt på kjøkkenet ;)
Først slo eg til med ein skikkelig god søndagsmiddag, der vi hadde raspeball med pinnekjøtt, pølse og kokte gulrøtter. Vanlegvis bruka eg kjøpe ferdig melblanding til raspeball, men igår eg var seint på butikken, var det utsolgt. Dermed lagde eg i fra grunnen av idag (aldri gjort det før, men det vart STOR SUKSESS, sjølv utan å bruke Oppskrift! ) hihi..godt fornøgd med meg sjølv då, ja :P

Også fekk meldte bakelysta seg, dermed vart det Brownies muffins med jordbær, som vi kosa oss med til barnetv, dei var rett og slett fantastisk gode!

Oppskrift;

100 g smør
175 g mørk kokesjokolade
3 egg
3,5 dl sukker
2,5 dl hvetemel
2 ts vaniljesukker

Frosne jordbær

Smelt smør og sjokolade i ei panne. Avkjøl litt.
Rør sammen egg og sukker. Bland i smør-/sjokolade massen. Bland i hvetemel og vaniljesukker til røra blir jevn.

Fordel røra i muffinsformer. Fyll opp 2/3  av muffinsforma. Stikk ned 2 (eller fleire) frosne jorbær i kvar muffinsform.

Steikes ved 180 grader i ca. 10-15 min. (alt etter kor store formene er)

Ta ut brownis muffinsene og avkjøl.

2 kommentarer:

  1. Så flink du e, rasbeballar frå grunnen synst ikkje eg e det enklaste.... Men so e du ei ekte Gloppetaus, og dei er jo oppvaksne på kompar!!

    SvarSlett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica