søndag 25. april 2010

Utfordring- kransekake
Då har eg endeleg komt meg i gang på den aller første prøving av kranse kake.
Her har eg idag skålda 500 gram mandler, som no skal få ligge å tørke til imorgon.
Eg valde å skolde mandlane, då eg synest kransekaker er finast når deigen er lys og fin.



Har bestemt meg for å bruke denne kranskekake oppskrifta;
500 gram Mandler
500 gram Melis
4 eggehviter
Skåld mandlane og lat dei tørke på eit klede over natta.
Mal alle mandlane i mandelkvern. Bland mandler, melis og eggehvite til ein fast deig som lett lar seg trille ut til kuler. Den må ikkje vere for fast, men heller ikkje for klissete. Ha evt. i meir eggehvite eller melis.
Trill deigen til fingertjukke lengder og fyll ringane.
200 grader i ca. 10 min.
Avkjøl på rist og hvelv forsiktig.
Glasur;
1 eggehvite
1/2 ts sitronsaft
2-3 dl Melis, siktes
Bland alle ingrediensane til ein smidig glasur som fyllast i små, dobble kremmerhus av bakepapir, og sprøytast på kakene.




Har også gått til innkjøp av mandelkvern.
Denne kjøpte eg på Biltema.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica