søndag 11. april 2010

DET VÅRAST OG VI KOSAR OSS I HAGEN..
For eit nydeleg vår veir det har vore idag. Etter frokost, kledde vi på oss og tok ein køyretur til Førde. Var innom plantasjen, var meininga å kjøpe ny disse til Sebastian, men dei var dessverre utsolgt. Litt skuffa sjølvsagt. Men det retta seg raskt. Vi for på besøk til eit vennepar. Då kom systra mi og mine tantebarn trillandes forbi, og Sebastian vart med tanta heim og fekk disse hos ho. Etter ein kaffikopp og eit stykke sjokoladekake, reiste vi stad og henta Sebastian igjen, og køyrde heim.
Eg og Sebastian kosa oss ute. Han stor kosa seg med å køyre på trehjulingen sin, medan eg begynte å renske opp litt i blomsterbeda. Spennandes! å sjå kva som var begynt å spire. Fann også nokre løkar som var begynt å spire, men anar ikkje kva dette var. (Katten min som har rota rundt i bedet mitt.) So det skal bli kjempe spennandes å sjå kva som kjeme opp av dei løkane.
Etter Cornelia hadde fått middag kom, dei ut også. Ho fekk sitte i babydissa og stor kosa seg når broren skubba STOR fart til ho. Etter ein liten skuffelse av at Sebastian ikkje fekk seg disse på plantasjen, vart det ei heimesnekra fjøl å disse på idag, men fornøgd vart han iallefall.
Også vart det ein tur i sandkassa. Dette var ekstra spennandes for Cornelia, som aldri har leika i sanden før. Og måtte difor legge med eit bilde av ho.






Måtte handle litt på Plantasjen, sida vi først hadde køyrt inn dit.

Her har det begyndt å bli grønt.


Vårlyng og krokusane eg kjøpte idag.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica