søndag 15. juli 2012

Vinnaren er....

Vinner av Giveaway...




For å trekke ein vinnar av giveaway har eg brukt http://www.random.org/
det var 9 personar som melde seg på til giveaway, og nr.5 vart Vinnar,
altså;
.....
....
...
..
.
Monica Dahl!

Gratulerer!

Om du sender meg ein e-post ; mkandal@hotmail.com
med adressa di, so skal eg få sendt avgårde gaven til deg!

Og tusen takk til dei som ville delta!!


søndag 1. juli 2012

Roser, perler og diamantmøster


Bryllupskake til ei venninde..

Mi venninde fra ungdomskulen sa
JA til sin kjære Richard igår. GRATULERE med den STORE DAGEN til dykk begge, håpar de fekk ein fantastisk flott og minnerik dag!

Det er sikkert eir år sidan eg fekk spørsmål om å lage bryllupskaka til dette bryllupet, og tok sjølvsagt på meg det oppdraget. Så kaka har lenge vore i tankane og vi har diskutert masse både utsjånad og smak.
Utsjånad skulle vere med roser i ein rosafarge som hella litt mot lilla, diamantmønster og perler.

SÅ her kjem eit bilderas av kakene, 3 egt kake, men eg har dessverre ikkje bilde av kakene når dei er komt i stativet...

Øverste kake; Sjokoladekake med sjokoladekrem



Midterste kake; sjokoladekake med sjokolademousse

Nederstkake; sjokoladekake fylt med appelsinmousse

onsdag 27. juni 2012

Gave eske

Bryllupsgave

Idag har eg funne fram mine kreative sider med papir, det skal seiast at det ikkje er ofte det skjer lengre, då kakepyntinga har meir og meir overtatt kreativiteten og interessen.

Til helga skal eg gi frå meg ei bryllupskake og to bryllupsgaver, og med en ny innkjøpt kvit pappeske og gamle papir rester eg hadde liggandes har eg laga denne gaveeska til ei av gavene, kva synest du?





søndag 24. juni 2012

Rosa dåpskake

Dåpskake...
Barnebarnet til min nabo blei døypt idag,
og eg vart spurd om eg ville lage dåpskaka, noko eg ikkje klarte seie nei til ;)
Sukkerbunn fylt med bringebærsylte, vaniljekrem og bringebær. Trekt
 med marsipan, pynt også i marsipan.

Tillykke med dåpsdagen, Ingrid Marie!



mandag 28. mai 2012

Bryllupskake og div. oppskrifter


Bryllupskake til mi kjære svigerinne og svoger!

No i pinsehelga, lørdag 26 mai gav dei kvarandre sitt JA!
Ei stor ære å få oppdraget i å lage bryllaups kaka til dei.
Kaka vart ein liten del av bryllupsgava, eg fekk heilt frie tøyler til korleis kaka skulle sjå ut og kva kake det skulle vere.
I brudebuketten og bordoppsatsane var det lilla roser og kvite orkidèer,
dermed vart dette også på kaka.

Gratulere so mykje til Terese & Kenneth!
Øverste kaka har dessverre fått ein liten transportskade som de ser på bilde..
Øverste kake; Sukkerbunn 1 lag med sjokolademousse, 2 lag lagt eit tynt lag med bringebærsylte og deretter appelsinkrem.
Midterste kake; Sukkerbunn fylt med creme fraice krem og rabarbra/jordbær kompott.
Nederste kake; Sukkerbunn med pasjonsfrukt 1 lag med vaniljekrem og friske jordbær, 2 lag med jordbærfromage.


Også måtte eg få med eit lite bilde av den fine snuppa mi som var brudepike.




Oppskrift på sukkerbunn, Rabarbra/jorbbær kompott og creme fraice krem finn du HER.
Sjokolademoussen juksa eg med og brukte TORO, men tilsette 100 g hakka mørk sjokolade.


Oppskrift Appelsinkrem:

2 egg
1 dl sukker
1 1/2 dl kremfløte
Revet skall av 1 sitron (pass på og ikkje få med det kvite!)
Revet skall av 4 appelsiner (pass på og ikkje få med det kvite!)
5 plater gelantin

Bløtlegg gelantin i kaldt vann i ca. 5 min.
Pisk egg og sukker til lys og luftig eggedosis.
Pisk kremfløten stiv og bland i eggedosis.
Smelt gelantin og tilsett kremen.
Tilsett revet skall av appelsin og sitron.

Avkjøl til kremen stivner.


Oppskrift Jordbærfromage:

2 pk jorbærgele
4 dl vatn
3 dl kremfløte
ca. 400 g friske jordbær

Kok opp vatn og bland i gele. Avkjøl.
Pisk kremen stiv. Bland den avkjølte gele`en i kremen. Del opp jordbær og bland i.
Avkjøl til fromagen stivner.


Oppskrift Sukkerbunn m/pasjonsfrukt:

9 egg
270 g sukker
180 g hvetemel
45 g potetmel
1/2 ts bakepulver
6 pasjonsfrukt

Pisk egg og sukker til lys og luftig eggedosis. Bland alt det tørre og sikt det opp i eggedosis.
Vend forsiktig inn. Del pasjonsfrukt og skrap ut fruktkjøtt, vend inn i røra.

Steikes på 150 grader i ca. 40 min.

fredag 18. mai 2012

GiveAway



Inneheld:

Cupcake bok, med mange flotte oppskrifter
Strøssel
Smaksessens, Tutti frutti
1 pk Muffinsformer
1 pk Papptallerk, cupcake motiv
1 pk Servietter, cupcake motiv

TREKNING 15 JULI 2012

For og vere med i trekningen  må du vere FØLGER av bloggen min,
legg et bilde av giveaway`en i eit blogg innlegg eller i sidebaren din og link hit.
Legg inn ein kommentar under innlegget, slik at eg kan spore tilbake.

fredag 27. april 2012

Svin Ytrefilet

fylt med kremost...



Del ytrefileten på langsida, omtrent som ei åpen bok.

Smør kremost utover, eg har brukt krydder kremost, men kan sjølvsagt variere etter eget ønske.

Rull sammen ytrefileten til ei pølse.

Del opp i passe tykke skiver. og steikes på steikepanna.
Ikkje steik for lenge, då vil ytrefileten bli tørr. Skal vere saftig og god.

Eg har servert med ovnsteikte Amandinepoteter (skåret i tynne skiver, ha over litt olje, salt og pepper),
kokt brokkoli (slå av vannet og rør inn ein liten klatt smør) og
Soppstuing (ca. 300 g champingnon, som surrast i panna med ein liten smør klatt, tilsett ca. 200 g smårettsbacon og tilsett 1 boks creme fraiche, smak til med salt og pepper)