fredag 1. oktober 2010

Nytt Kakeutstyr!


Igår hadde eg fri fra jobb, og tok difor turen til Vadheim og avlot eit lite besøk på KAKEBOKSEN.
Eg kom heim igjen med utruleg mykje fint, og riktig nok måtte eg prøve ut korleis det fungerte ettersom det var heilt nytt for meg.
Eg kjøpte FMM kant/preger sett 1,2 og 3.
I tillegg kjøpte eg glanspulver, pensler, glans spray og regnbuestøv i forskjellige fargar.
Sjølve kaka eg lagde vart til dels mislykka då den sklei ut i alle retningar (trulig for mykje fyll inni :P ) men måtte nesten legge ut bilde av mitt første forsøk på bruk kant/preger.
Ellers lyt eg sette meg i tenkeboksen, då tantegullet mitt skal feire 2 års dagen sin neste helg, og eg har frivillig meldt meg til å bake kake ;)
Er også innom tanken å slå til med ei kake til torsdag når svigermor kjem på besøk..
Ha ei fortreffelig helg!!

tirsdag 28. september 2010

Plommesylte

Idag vart det endå meir produksjon av plommesylte.
OG fekk eit aldri so lite innfall om å dekorere "barnemat" glasa som eg har lagra sylta på.

torsdag 23. september 2010

Haust og lite kakebaking..

Torsdag og fri fra jobb, kidsa i barnehagen, og då kosa eg meg heime heilt aleine!
Dagen har eg benytta til å gjere husarbeid, fekk skikkelig kick!! og begynte å rydde i skapa mine, utrulig mykje som samla seg opp etter ei tid.
Ellers kjøpte eg 15 kg plommer idag, og har sylta, skal bli spennandes å smake :)
Etter kidsa var komt i seng, var det heilt nydelig lys ute, dette måtte eg sjølvsagt prøve å ta bilde av! Det er då resultatet som er avbilda ovan for..
Det har vore lite kakebaking i det siste, men no når vi nærma oss oktober reknar eg med det blir noko meir, ettersom det er bursdagar på rekke og rad.
Eg har også meldt meg på Kakeutstillinga i Nordhordalandshallen 16-17 oktober, då lyt produksjonen begynne snart. Dette gler eg meg enormt til!
Eg har tidligare lova å legge ut oppskrifta på Nesquik-kake med Dots sjokolademousse og bringebærmousse, og her kjem den ;
Lag nesquik kaka etter tidligare oppskrift eg har lagt ut.
Del kaka i 3 lag.
Dots sjokolademousse;
250 g lys kokesjokolade
3 dl kremfløte
2 stk eggehviter
2 stk eggeplommer
3 ss sukker
1 pk dots sjokolade cookies
Fremgangsmåte:
Hakk sjokoladekjeksa i små biter.
Pisk eggehvitene stive.
Pisk eggeplommer med sukkeret til eggedosis.
smelt 250 g sjokolade med en liten fløteskvett på lav varme.
Pisk resten av fløten stiv. Vend inn sjokoladen, eggeplommene og til slutt eggehviten. Det skal bli en jevn masse. Vend til slutt inn sjokoladekjeksa. Fyll første laget i kaka og sett kjølig.
Bringebærmousse;
250 g bringebær
4 ss vann
4 ss sukker
5 plater gelantin
3 dl kremfløte
2 ss sukker
Fremgangsmåte;
Knus bærene med stavmikser.
Rør bringebær, vann og 4 ss sukker godt sammen.
Bløt gelantinen i kaldt vann i 10 min. Klem det meste av vannet ut.
Ha gelantinen i bringebærene og smelt på lav varme.
Visp kremfløten stiv med 2 ss sukker. Bland bærmosen forsiktig inn i kremen.
Fyll andre laget i kaka og sett kjølig.
Glasur etter oppskrift på nesquik kaka.

mandag 6. september 2010

Offesiell opning av barnehagen!
I dag var den store dagen for opninga av nye barnehagen som min sønn går i.
Fantastisk flott barnehage og ei kjempe fin opning, med mangen flotte taler,
underholdning av barna som både sang og dansa for oss.
Vi fekk til og med besøk av Kaptein Sabeltann og Langemann!
Heilt fantastisk rett og slett!
Etter alle talane og underhaldninga var det eit stort kakebord som venta på oss.
Mange gode kaker. Og eg hadde sjølvsagt også baka kake.
Ikkje heilt uventa frå meg; Nesquik kake..hehe..De har nok sikker skjønt at dette er min favoritt innan sjokoladekaker ;)
Då eg fekk spørsmål om eg ville bake ei kake, begynte eg straks å tenke på kva eg skulle pynte den med, og kom fram til at barn og sandkasse passa bra fint til anledninga,
og slik vart resultatet ein sein søndaskveld;
Pynten har eg laga av marsipan.

Sanden i sandkassa, er strøssel.
( Svigermor hadde kjøpt masse forskjellig strøssel til meg etter ein Sverigetur ;) )
Fuglen bak sandkassa er ferdig kjøpt pynt.
( Også svigermor som kjøpte etter Sverigetur)
Ha ei finfin veke alle sammen ;)



lørdag 7. august 2010







Endelig helg..






Endelig er det fredags kveld (les NATT!), og min kjære har endelig begynt på ferie!



Eg og kidsa har no hatt 3 veker ferie, men no når min kjære har 1 veke ferie saman med oss, blir det heldigvis ein aldri so liten bytur på oss imorgon. Då blir vi vekke nokre dagar, og reiser på besøk på akvariet og fløyen (og med gode sjanser for dårleg veir blir det også ein visitt innom Vannkanten). Ja vi snakkar altså om BergenBY! Det gler største gullet seg veldig til, og satser på turen blir vellykka.






Når min kjære har begynt på ferie idag, måtte vi (les EG) jo sjølvsagt feire med litt KAKEBAKING!!! Slo virkelig på stortromma då eg komponerte litt sjølv.



OG reknar med alle kakeglade bakara har fått med seg DOTS bakekonkurranse?!?



VEL, det har iallefall eg, og bidraget mitt er innsendt i denne augneblink.
Men dessverre er det ikkje alt som strekker til når man finner på å begynne å pynte kake kl 23.30 ein fredagskveld og man skal reise på ferie neste morgon. Så koppen fekk dessverre ikkje tørke, som de sikkert ser på bilde...
Og eg får nok eit aldri so lite problem imorgontidleg når eg åpna kjøleskapsdøra og ser eg har ei nesten heil kake som står der, kven skal ete den?!?
Oppskrift skal eg dele med dykk seinare, men no er det nok senge tid for min del..
Ha ei riktig GOD HELG!! ;)









søndag 27. juni 2010

Då nærma det seg slutt på helga, og eg har stranda på sofaen med ein god film og ostesmørbrød.
Helga har vore kort ettersom eg var på jobb igår.
Eg hadde inne ei bestilling på Hello Kitty kake til idag, so denne begyndte eg med når eg kom heim fra jobb igår.
Baka sukkerbrød i kroneforma. Og fylte den med jordbærsylte, krem og jordbær.
Trekte kaka med marsipan og pynten er av marsipan og sukkerpasta.
Hadde igunn store problem med å få til både marsipanen og sukkerpastaen. Trur det vart litt for vart å jobbe med den. Berre klissa seg uansett ka eg prøvde.
Men eg fekk no til kaka og pynten på eit vis likavel.
Spent var eg iallefall då eg var stad å leverte kaka, om eg leverte til forventingane. Og eg fekk berre POSITIVE tilbakemeldingar. Jubilanten sjølv visste ikkje at ho skulle få Hello Kitty kake (noko ho hadde ynskja seg), so ho vart glad :)
Koseleg var det å få melding på mobilen av kaka som nesten var oppeten, kun Kitty figuren som låg igjen på fatet, for å bekrefte at kaka også smakte godt ;)


Vart litt vanskelig å ta bilde av dette, men det er eit stempel som eg har har dyppa i rosa glitter.






No er det snart køye tid for min del, so eg blir klar for ein ny arbeidsdag imorgon.
Ny veke, nye moglegheiter ;)


fredag 11. juni 2010

Marsipanblomst Kurs..
Denne fredagskvelden har vore heilt fantastisk og eg har stor kosa meg! Har vore på marsipanblomst kurs hos kakeboksen.
Til min fordel var det ingen andre som var påmeldt på kurset, so eg var der aleine. Og fekk masse tid til å lage marsipanblomster og fekk mangen andre nyttige tips som eg skal ta med meg vidare. Må seie eg er heilt IMPONERT over kva som finnast i KAKEVERDEN!!
Eg tok ein liten kikk på lageret på Kakebosen og handla litt småtterier, drøymde meg nesten vekk der eg såg, og ynskjelista mi voks betraktelig!
Som sagt; Ein heilt fantastisk kjekk og koseleg kveld!
Perfekt avslutning på veka.




















































fredag 28. mai 2010

Flaskekort
Her vart det visst mangen bilder av flaskekortet...
Dette er baksida av kortet
Også baksida av kortet

Her er korter på utsida, men baksida av flaska..



Kortet på utsida, framsida av flaska






Då har eg inntatt den beste plassen i sofaen, og kvitvins glaset er fylt opp.
Gulla mine har eg lånt vekk til bestemora, dei skal vere der heile helga! første gang eg låna vekk minste jenta vår ei heil helg. Men det går nok bra tenker eg.


Imorgon skal eg og min kjære i 30 års kalas, og i den anledning har eg kjøpt ei flaske vin og laga eit flaskekort.
Eg googla litt før eg sette i gang, og fekk mine eigne ideàr til korleis kortet skulle vere. var også å shoppa litt nytt stæsj til å ha på kortet.

Her er ligger kortet flatt før det er komt på flaska.


Baksida av flaska.



Og framsida av flaska. Heilt til slutt tok eg eit dekorband på flaskehalsen. Syntest det pynta bra opp.
No skal eg berre nyte resten av fredagskvelden, og gler meg til morgon dagens 30 års kalas ;)
Ha ei riktig god helg ;)