tirsdag 29. januar 2013

Podens Dåp



Så var den store dåpsdagen overstått...

Dåpen har eg leenge planlagt og eg har nok saumfart nettet etter inspirasjon, og har 
hatt 1001 idèar, men dessverre har ikkje det latt seg gjere alt eg har fått inspirasjon til..
Men eg er likevel godt nøgd med det eg fekk gjort...
Uansett kor godt planlagt alt var, og eg gjorde unna forberedelser som kunne gjerast tidleg, 
er det rart med det som står igjen til slutt at det likevel tek tid...

Pynting av dåpskaka var det siste som stod igjen lørdagskvelden...
Men heldigvis hadde eg ei hjelpsom svigerinne på besøk, og fekk dermed god hjelp av ho..

Sukkerbunn fylt med creme fraiche krem, heimelaga jordbærsylte og friske jordbær.
Trekt i marsipan og pynt i sukkerpasta.
Blomstrane sette eg svigerinna mi til å lage.



Bordoppsett som ein E, og midterste bordet fekk  den flotte sølvstaken.

Resten av borda hadde eg lysfat med ulike lys.


Ein enkel, men flott blomster på borda.
Svigerinna mi er blomsterdekoratør og fekk oppdrag i å lage til blomster.
Sølvpotte med blå hortensia og ein søt sommerfugl på toppen.



Festlokalet pynta eg ellers opp med litt lysestakar, søte  blomsterpotter  med hortensia .

Candy table..Den flotte "pokalen" fekk eg til jul med svigerinna mi,
og den måtte sjølvsagt vere med å pynte opp.. Etasjefatet er fra Perfect Home og er fylt opp med  
makroner og pikekyss.

Bildet er tatt før  kaffien er klar, så her mangler det litt cupcakes, og plasten er heller ikkje tatt av på  marshmellowpopsa.

På stettfatet er det ristet mandler med hivt sjokolade.. Den tøffe matboksen  fekk poden i gave til fødselen.

Glassvasen er fylt opp med blå hjertesjokolade.

Servietter brettet som babysko med sløyfe.

Som bordkort brukte eg blå organza poser med babymotiv, fylt med drops med søtt babymotiv og blå hjertesjokolade.
Festet på en tags med navn.

Pyntet til gavebordet. Bleiekaka fekk eg  i  overraskelse fra mamsen og systrene mine då eg gjekk gravid.
Og skiltet med teksten "Vår lille prince" fekk poden av mormora.

Marshmellowspops på papirsugerør med blå polkadots, pynta med blå candy melts.
Bak til høgre er norgesglass fylt med sukker i hvitt og blått (har farga sukkeret) og oppi står popcakes  fylt med  vanilje og trekt me blå candy melts. Ellers som pynt har eg laga pompom av servietter.



Phu, eit litt stort bilderas...
Vi var godt fornøgde med dagen, men det er jammen deilig å ha det unnagjort også..Poden var iallefall heilt utslitt etter dagen, og sov mesteparten av dagen igår. 

Ønsker alle ei fantastisk veke!

2 kommentarer:

  1. Først gratulerer med guten! Oj så flott du hadde laga det til barnedåpen, heilt imponerande...! Skal du ikkje starte ditt eige firma med kaker og pynt til div arrangement, el kanskje gjer du det alt...? Flinke tausa!!!
    (Kjekt er det òg at Evy Ann skal bli mamma snart!)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Aud! hehe, vel mitt eige firma med kaker hadde nok ikkje vore so dumt, men det får nok bli på hobbybasis framleis. Det blir stor stas når ho blir mamma også ;)

      Slett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica