søndag 1. mai 2011

Dåpskake til Frida

So vart det kakebaking likevel..
April månad har vore ganske stille på kakefronten. Men igår som var siste dagen i april hadde eg to kaker på panelet. Lagde først denne dåpskaka, ho som skulle ha den gav meg eit bilde av ei kake ho hadde funnet på nettet, og ville ha kaka lik som den.
Dette er marsipankake; sukkerbrød fylt med eggekrem og bringebær.
All pynt er av marsipan, bortsett frå kanina som er av sukkerpasta.




Har prøvd meg på litt modellering, med denne kanina.
Utrulig kjekt! og syntes den vart ganske so søt :)

Her har eg igjen forsøkt meg på bokstav-settet mitt,
men denne gang har eg brukt marsipan, der eg la plastfolie over, før eg trykte ut
bokstavane. Det fungerte kjempe SUUPERT, berre ein kjevla marsipanen tynt nok!
Dette var eit tips eg fekk på facebook sida mi, so TUUSEN <3 takk for det gode tipset!



Eg syntest nesten det måtte vere med ein liten baby på kaka,
ettersom det er dåpskake. Og det vart godt likt :)





2 kommentarer:

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica